Hareidsstemna
 

Godt at du er til

2021
HS_bibl02
Dato: 18. oktober 2021 19:00

Møtested: Hareid folkebibliotek

Mandag 18. oktober inviterer biblioteket til ein minikonsert med Elise Gjærde, Odd Goksøyr, Øystein Orten og Ronald Øvrelid, basert på eit knippe av tekstane til Andreas Bjåstad. Han har gjennom mange år vore aktiv som forfattar og gjendiktar, og er kanskje særleg kjend for salmane og songtekstane sine, ofte skrivne til kabaretar og matinear i kyrkjer og forsamlingshus, som til dømes «Vår ferd i dine hagar» i 2011.

I tillegg til 50-60 eigne tekstar har han også gjendikta litterære storleikar som Christina Rossetti og Elisabeth Barrett Browning og artistar som Bob Dylan, Van Morrison, Joni Mitchell og Nanci Griffith. Fleire hugsar kanskje «Amerikansk kjærleik på ny norsk», som var ein konsert med omsette songar av amerikanske, kvinnelege artistar i 2008. Ikkje minst har han hatt eit tett samarbeid med den shetlandske lyrikaren Christine de Luca, som besøkte Hareid for nokre år sidan. Fleire av gjendiktingane hans er presenterte i tidskriftet Bokvennen. Programmet, som vil innehalde både dikt, salmar og songtekstar av Andreas, vil vare ein god time.

Fri inngang.

 

 

Kart


 

Datoer


  • 18. oktober 2021 19:00