Hareidsstemna
  • Program
  • "MUSIC OF THE NIGHT" - Hjørungavåg Brass med solistar

"MUSIC OF THE NIGHT" - Hjørungavåg Brass med solistar

2019
Dato: 13. oktober 2019 19:00

Møtested: Hareidhallen

"MUSIC OFTHE NIGHT"  

Hjørungavåg Brass med solistar Markus Bjørlykke og Henriette Lerstad

Dirigent:  Bjørn Falk Skodjevåg

Om solistane våre:

Markus Bjørlykke er oppvaksen i Hareid og er utdanna ved Musikkteaterhøyskolen i Oslo. Etter endt utdanning debuterte han med rolla Ubaldo Piangi i norgespremieren av Phantom of the Opera på Folketeateret i Oslo. I sommar har han jobba i Kristiansand dyrepark og spelt i Kaptein Sabeltann og Kardemomme by. Han har no teke steget vidare og starta på Operahøgskulen i Oslo. 

Henriette Lerstad er fødd og oppvaksen i Ålesund, men bur for tida i Oslo og jobbar som frilans musikalartist og songar. Ho er utdanna med bachelor i musikkteater frå Musikkteaterhøyskolen i Oslo, og har tidlegere også studert ved Bårdar Akademiet i Oslo og ved Universitetet i Stavanger. Etter endt studie i 2018 debuterte ho profesjonelt i rolla som Inger Marie Soot i «Soot-Spelet» i Ørje. Ho var seinare samme år også å sjå i rolla som Inga i «Querinioperaen» på Røst i Lofoten. I august i år var ho med på skandinaviapremieren på musikalen «Dogfight» på Riksscenen i Oslo, og frå november spelar ho i barneforestillinga «Julegaven som ble borte» som skal turnere på austlandet.

 

Bill.pris kr 250,-

 

Adresse
Myravegen, 6060 Hareid, Norge

 

Kart


 

Datoer


  • 13. oktober 2019 19:00