Årets Stemnetalar: Bjørn Egil Flø

Årets Stemnetalar: Bjørn Egil Flø
Bjørn Egil Flø er fødd og oppvaksen på eit mjølkebruk på Ytre-Flø og har gått ein krunglete veg frå oppveksten til dei akademiske korridorane ved NTNU, Bygdeforsking og seinare NIBIO. Vegen svinga innom nokre år hjå pølsemakeriet til Gunnar Garshol i Ulsteinvik, ein og annan strøjobben her og der før han etter kvart hamna på Ulstein-verftet der han tok fagbrev som skipselektrikar. Seinare vart det Teknisk fagskule på Gjøvik før han loffa seg på tvers av Nord-Afrika og etter kvart entra dørstokken på Universitetet i Trondheim for å studere noko han ikkje visste kva var, nemleg sosiologi.
Sosiologien tok han så sterkt at han aldri fann vegen ut av den og etter kvart enda han opp som bygde- og landbrukssosiolog ved Norsk senter for bygdeforsking, der han også skreiv ei doktoravhandling med tittelen; «bygda som vare – om bygda, elgen og folkeskikken». Hausten 2015 søkte Flø seg til det ny-fusjonerte instituttet Norsk Institutt for Bioøkonomi (NIBIO), der han i dag er tilsett som seniorforskar.
Flø er driven av ei brennande omsut for dei norske bygdesamfunna og har utmerka seg med ei rekkje akademiske essay som evnar å ta perspektivet åt dei som står med andletet retta mot si eiga heimbygd, ei heimbygd som for jamt fleire ser ut til å døy langsamt i takt med at byar og tettstadar veks.
Datoer
- 19.10.2024 19:00 - 22:15